'misjon [dott] info'
'misjon [dott] info'

hovedsideinfo.torg >  

legg inn info
finn misjonsbøker
nyhetsmail
bli medlem
om misjon.info










info.torg
Utskriftsversjonutskriftsversjon
Tips-en-venntips-en-venn
–Religionane må sterkare inn i fredssamtalane

AV: VILHELM VIKSØY/KPK

24.06.08 - redaksjonen
Gå til:bokomtaleGå til:perspektiv
Kategori: bokomtale, perspektiv

Karl Johan Hallaråker, i si nye bok, samanliknar kyrkjeleiarar sine inntrykk frå Israel med dei oppfatningar kyrkjeleiarar kom attende med frå Aust-Europa.




Karl Johan Hallaråker vestlege kyrkjeleiarar sine oppfatningar etter besøk i Israel med kyrkjeleiarbesøk i Aust-Europa under kommunismen, der rapportane var gode, medan sanninga i ettertid har vist noko anna. KPK-foto: Vilhelm Viksøy

Heilt sidan hans førre Israelsbok kom i 2004, har Hallaråker gått svanger med ei bok om Jerusalem si framtid og rolle i Midtausten. I følgje han har Jerusalem-spørsmålet vore nedtona og utsett fordi dette er det vanskelegaste og mest følsame spørsmålet i Midtausten.

– Eg er veldig einig med Kjell Mange Bondevik i at spørsmålet om Jerusalem og den religiøse dimensjonen må sterkare inn i fredssamtalane i Midtausten, men eg deler ikkje hans konklusjon. For der Bondevik meiner svaret er deling av byen, kjem eg til det stikk motsette svaret. Jerusalem må forbli Israels udelte hovudstad, seier Hallaråker, som er generalsekretær i Indremisjonsforbundet.

Fleire spor

Boka har fått tittelen «Jerusalem og/eller al-Quds?» og Hallaråker innrømmer at tittelen som spelar på jødane og muslimane sine namn på byen, kan væra tung.

– Men eg insisterte på at den skulle vera der for tittelen inneheld kjernen i konflikten, seier han. Boka derimot, skal vera lettlest. 

– Dette er fyrst og fremst ei bok for Ola og Kari, og er ikkje meint berre for teologar og spesialistar.

Boka har 17 kapittel fordelt på meir enn 200 sider og tar for seg ulike tema kring spørsmålet om Jerusalem sin plass i Midtausten-dramaet. Den ser på dette både i jødisk, islamsk og kristent perspektiv, og køyrer langs to spor – det teologiske og det politiske. Men det er viktig for Hallaråker at ikkje spora snører seg i hop.

– Det interessante er at eg finn mykje av dei same svara langs begge spora, men eg kan ikkje bruka teologiske argument for å grunngje politiske handlingar, seier han.

Kompromiss

At vegen til ei framtidig løysning er vanskeleg, legg ikkje Hallaråker skjul på og frå fleire hald kjem det krav om kompromiss for å finna ei fredsdrøfting.

– Eg har stor respekt for politikarar som arbeider for fredsløysingar i Midtausten. Dei gjer eit viktig og grundig arbeid ut i frå sine kriterium. Men hovudkritikken min er at den religiøse dimensjonen vert for liten. Det ser ut til å vera uløyseleg utan at ein inngår kompromiss, men samstundes kan ein ikkje gje etter i fundamentale spørsmål som er grunnleggjande for folket og nasjonen.

– All historie viser også at det er Israel som lever opp til det internasjonale kravet om respekt for alle sine religiøse rettar. Først då Israel i 1967 fridde Aust-Jerusalem frå jordansk okkupasjon, blir dei ulike religionane sine rettar respektert i Jerusalem. Så lenge muslimane og arabarane styrte, blei jødane nekta tilgjenge til sine område. Framleis blir dei nekta å be på tempelplassen der muslimane styrer, seier Hallaråker.

Parallell til Aust-Europa

Hallaråker rettar og kritikk mot ein del kristenleiarar frå vesten som etter besøk hos offentlege kyrkjer i Midtausten, einsidig legg skulda for konflikten på Israel eller ekstreme islamistar. Han samanliknar dette med vesten sine besøk til offisielle kyrkjer i Aust-Europa under kommunismen si tid der rapportane var gode, medan sanninga i ettertid har vist noko anna.

– Eg seier ikkje at det er full likskap med Aust-Europa, men denne erfaringa frå historia bør ikkje glymast i møte med kyrkja i Midtausten.

Boka er som førre boka gitt ut på Sambåndet forlag og forlagssjef Tarald Ueland er trygg på at det er marknad for endå ei bok om Israel.

– Ja, heilt bestemt. Den førre boka selde over 4400 eksemplar og det er veldig bra for ei slik bok. Me har stor tru på at også denne boka vil ha ei stor lesarmasse, seier Ueland. KPK.



<< tilbake
Tips-en-venntips-en-venn   Utskriftsversjonutskriftsversjon  Til toppentil toppen
søk og finn..
..avansert søk
medlem login..
..bli medlem

Siste innlegg..

Fire spennende stillinger
24.11.08
Kat.: stillinger
Historisk samarbeid
18.11.08
Kat.: bistand, misjonærliv, nyheter
- Irans politikk leder folk til Jesus
17.11.08
Kat.: perspektiv
"GO Equipped" TENTmaking Course 2009
17.11.08
Kat.: arrangement, misjonærliv
Vil fremme fred med religion
17.11.08
Kat.: nyheter, perspektiv
Kina bryter flyktningeavtale
17.11.08
Kat.: nyheter, perspektiv
Kristne må ta ansvar
12.11.08
Kat.: perspektiv
Flykter fra ondskapen i Nord-Korea
07.11.08
Kat.: perspektiv, bistand
Mangler misjonærer til evangelisering
07.11.08
Kat.: perspektiv
Baptister feirer 400-årsjubileum
07.11.08
Kat.: nyheter

 
en tjeneste av
Ressurssenter for misjon


i samarbeid med NORME
 
misjon.info har hatt
besøk siden 1. januar 2006
(basert på IP-adresser)

powered by Typo3!