|
Kva gjer du når du er på besøk i ein landsby i Tyrkia og spør etter postkontoret, og oppdagar at vegforklaringa du får ikkje stemmer? Sarah A. Lanier veit råd.
Sarah A. Lanier: Fortrolig med det fremmede
Utgjeven av Prokla-Media, 2004, 95 sider, bokmål
Det er ikkje lett å kommunisera med menneske frå framande kulturar. Ei som har opplevd dette på kroppen og teke lærdom av det, er Sarah A. Lanier. Ho er fødd i Georgia i USA, men familien hennar flytte til Midt-Austen då ho var ni år gammal. Sidan 1980 har ho arbeidd med leiing og personleg utvikling som fag i Chile, Israel, Nederland, New Zealand og andre land i Afrika, Midt-Austen og Europa.
I boka Fortrolig med det fremmede fortel ho om sine erfaringar frå samhandling med mange ulike kulturar og forklarar på kva måtar kulturar er ulike. Ho gjev så ei liste over kva ein kan gjera for å byggja bru over ulikskapane.
Kulturar frå varme og kalde strok
Lanier deler verdas kulturar inn i to grupper: Dei som har sitt opphav i kaldt klima, og dei som spring ut i varmt klima. Kulturar frå varme strok er relasjonsbaserte, seier Lanier. Føremålet med kommunikasjon i desse samfunna er ofte å skape ein hyggeleg tone. Samfunnet er følelsesorientert, sjølv om ikkje alle individ er det. Personar vert prioriterte framom effektivitet og tid. I varme kulturar er det upassande å "snakka forretningar" med det same ein kjem til eit møte eller ringjer i samband med forretningar.
Det som kjenneteiknar kulturar i eit kaldt klima, er at kommunikasjonen er saksorientert og helst presis. Samfunnet her er logisk orientert, om enn individ kan vera annleis. Effektivitet og tid er høgt prioriterte i kulturar i kalde strok, og å ta dette på alvor er eit uttrykk for respekt for andre.
Direkte og indirekte kommunikasjon
Det er to måtar å kommunisera på, held Sarah Lanier fram: Direkte og indirekte. I kulturar frå varme strok brukar ein oftare den indirekte metoden å tala saman. Då handlar det ofte fyrst og fremst om å vera venleg. Spørsmål må stillast slik at ein ikkje støyter den andre parten ved å vera for direkte, og det kan vera nødvendig å bruka ein tredje part som mellomledd, slik at ein ikkje stiller nokon til veggs. Når ein er i ein landsby i Tyrkia, til dømes, og spør etter postkontoret, kan det vera vanskeleg å få folk til å seia, som sant er, at det ikkje er noko postkontor der. Då vil dei heller gje deg ei "falsk" forklaring av vegen, for det er uhøfleg å seia nokon "nei" beint opp i andletet. I slike tilfelle rår Lanier til å be ein forbipasserande spørja ein av sine landsmenn om kvar postkontoret er, og vips har ein unngått fella med altfor direkte spørsmål.
Eit "ja" er ikkje alltid eit ja, og dei lokale gjer seg umak for å unngå at folk skal føla seg forlegne.
I kulturar som føretrekk direkte kommunikasjon er korte, direkte svar eit uttrykk for respekt for den andre si tid, og for profesjonalitet. Eit "nei" er eit nei. Ærlege, direkte svar er kun informasjon, og reflekterer ikkje kjensler. Ein kan på ein høvisk måte seia nett det ein meiner, og det vil i den "kalde" kulturen vanlegvis ikkje verta teke personleg.
Individet og gruppa
I kalde kulturar er me oppdregne til å vera sjølvstendige, identitetsmedvitne personar. Alle bør meine noko og kunna hevde det. Å ta initiativ i ei gruppe er bra. Veremåten til individet gjenspeglar ikkje nødvendigvis gruppa.
I varme kulturar derimot, er identiteten knytt til gruppa, det vil oftast seie familien. "Eg høyrer til, altså er eg", seier maoriane frå New Zealand. Gruppa vernar meg og syter for meg. Om ein skal ta noko initiativ i ei gruppe avheng av kva rolle ein spelar i gruppa, og gruppemedlemmer ventar at leiaren skal gje dei klare meldingar om kva dei skal gjera.
Inkluderande eller privat
Kulturar frå varme klima er gjerne meir gruppeorienterte. Individa vert automatisk inkluderte i samtalar, måltid og andre gruppeaktivitetar. Eigneluter som mat, verktøy og så vidare kan nyttast av alle i gruppa. Det er ikkje ønskeleg å vere åleine, og det vert rekna som uhøfleg å føra private samtalar eller leggje planar som utelukkar andre som er til stades.
I kulturar frå kalde klima likar folk å ha tid og rom for seg sjølve. Det er venta at ein bed om lov til å låna noko eller bryta inn i ein samtale. Einskildmennesket vert sett på som forvaltar av eignelutene sine,og har ansvar for å ta vare på dei og halda dei i orden. Når fleire bur saman, er det vanleg å merka kvar sine ting. Private samtalar og eigne planar i mindre grupper er heilt greitt.
I varme kulturar er det heilt greitt å gå på umelde gjestingar heime hjå folk, og dele på maten, i motsetnad til kalde kulturar, der det å ta imot gjester er noko ein tek alvorleg og planlegg. Det er òg skilnad på kulturane når det gjeld kor høgtideleg ein tiltalar kvarandre. Dette heng saman med kor gamle kulturane er, seier Lanier. I det ho kallar høg-komplekse kulturar, som til dømes Sveits eller Sør-Korea, er det reglar for alt, ein innfløkt etikette. I låg-komplekse kulturar derimot, som i California eller Israel tek ein det ikkje så høgtideleg korleis ein er kledd på arbeid, til dømes.
Oppfatninga av tid er òg ulik i varme og kalde strok. I varmt klima er ein ikkje like oppteken av klokka som i kalde strok, men meir spontan og fleksibel. I kaldt klima derimot er ein meir tidsorientert, strukturert, "effektiv" og planlegg mykje.
Praktiske tips
Lanier gjev fylgjande praktiske tips til folk som er i ferd med å kryssa kulturgrenser, anten det er over vegen eller til utlandet: - Prøv å finna ein kulturtolk, det vil seia ein som har teke overgangen før.
- Les så mykje om mogeleg om den framande kulturen. Med litt kunnskapar vert det lettare å forstå folk sine haldningar.
- Bruk internett til å skaffa deg informasjon om det framande landet.
- Be utlendingar her i Noreg fortelja om heimlandet sitt før du dreg dit.
- Finn ut kva for verdiar som er viktige i den framande kulturen.
- Ver merksam på kultursjokk og kulturstress - den daglege tilvenninga til ein framand kultur.
- Dersom du har budd i utlandet lenge, bør du vera budd på at det kan krevja ein viss innsats å koma inn i norsk kultur att.
- Snakk med andre nordmenn som har opplevd den same framande kulturen. Rekna ikkje med at andre nordmenn som ikkje har vore der du har vore kan setja seg inn i det du har opplevd.
- Lær deg nokre setningar, minst, på det framande språket. Det signaliserer at du set pris på det folket du bur imellom, og gjer det mykje lettare å verta akseptert.
- Gjer deg høge tankar om menneska i det framande landet, og fell ikkje ein for tidleg dom. Lanier seier det er viktig å spørja seg sjølv: Høver mine kulturvanar inn i kulturen eg kjem inn i? Dersom me legg vekk etnosentrismen - det å heile tida setja sin eigen nasjon i sentrum - kan me byrja å læra og gle oss over kulturskilnadane, seier Lanier, og oppdaga at me har mykje til felles.
Håkon Norheim
Website: http://www.HaakonNorheim.info
Linker:
|