|
Advokat Thom Arne Hellerslia meiner det er fare for at religiøs overtyding hos asylsøkjarar ikkje blir tillagt den vekt den fortener i eit så sekularisert samfunn som det norske. Tysdag vart rapporten hans ”I god tro”, som omhandlar retten til vern for personar som flyktar på grunn av sin religion eller tru, presentert på eit seminar i Oslo.
 | 
 Generalsekretær Bjørn A. Wegge i Norsk Misjon i Øst (t.v.) i samtale med advokat Thom Arne Hellerslia. Foto: Ole Andreas Husøy, KPK
| Rapporten er skriven på oppdrag frå Norsk Misjon i Øst, Mellomkyrkjeleg råd, Norges Kristne Råd og NOAS. Det var dei same fire organisasjonane som arrangerte seminaret.
Hellerslia skriv i rapporten at det som ligg som ein skugge over handsaminga i alle utlendingssaker, er dei såkalla innvandringspolitiske omsyn, som betyr at utlendingsforvaltninga fryktar at ein praksis som av potensielle søkjargrupper vil bli oppfatta som liberal, vil medføre auka innvandring.
Rett til vern
Hellerslia slo fast at internasjonale konvensjonar gir rett til å skifte religion, og at ein og har rett til offentleg å gi uttrykk for si tru. Begge deler kan i enkelte land medføre risiko for å bli forfølgd.
Advokaten meiner norske utlendingsstyresmakter legg for stor vekt på kor sterk og ekte den religiøse overtydinga til asylsøkjaren er. Han meiner at ein i asylsaker i større grad bør vurdere saka frå potensielle forfølgjarars perspektiv. Dersom forfølgjarane tillegg asylsøkjaren ei tru, så kan han vere i fare, uavhengig av kor sterk eller kor utoverretta trua hans er.
Hellerslia understreka og at ein asylsøkjar kan ha rett på vern, sjølv om styresmaktene i heimlandet ikkje driv forfølging:
- Lovverket i landet kan gi religiøse minoritetar vern, men det hjelper lite dersom styresmaktene ikkje sørgjer for at lovverket blir etterlevd utover i landet, sa han.
Hellerslia peikte og på at norske kyrkjelydar som kjem i kontakt med innvandrarar, har eit ansvar for å gjere klart kva som kan bli konsekvensane for dei, dersom dei konverterer til kristendomen og likevel blir sende attende til heimlandet.
Konkret vurdering
Øyvind Dypvik Øyen frå Utlendingsnemnda (UNE) sa i sin respons til Hellerslia at UNE foretar ei konkret og framtidsretta risikovurdering av dei enkelte asylsøknadene.
- Det heilt sentrale i vurderinga er den framtidige risikoen for å bli forfølgd, sa han.
Han tilbakeviste at UNE oppmodar asylsøkjarar til å halde ein lav profil for å unngå forfølging i heimlandet, dersom dei blir sende tilbake dit.
Prosess
Bente Mostad Tjugum, som representerte Lovutvalet i asyl- og utlendingsrett, var mellom anna opptatt av at det er korleis heimlandet til asylsøkjaren oppfattar konverteringa, som er det viktigaste, ikkje kor reell konverteringa er.
Ho sa at det kan vere eit kultursjokk for ein del asylsøkjarar å kome til Noreg, og at det ikkje er rart at det etter ei tid kan skje eit utvikling hos søkjarane når det gjeld livssyn. Å konvertere kan ofte vere ein prosess som tar tid, og det er derfor ikkje nødvendigvis er noko mistenkeleg i at nokre først konverterer etter at dei har fått avslag på asylsøknaden.
Iranske flyktningar
I spørsmålsrunden til slutt vart det frå salen stilt kritiske spørsmål til korleis norske utlendingsstyresmakter behandlar søknadene frå iranarar som har konvertert til kristendomen. Mellom anna vart det hevda at tolkane ofte har lite kjennskap til kristen tru og kristne omgrep, og at dei dermed ikkje er i stand til å formidle det asylsøkjarane forklarer på ein god nok måte. Det vart og stilt spørsmål ved den religiøse kompetansen i UNE og om det vert lagt stor nok vekt på det til dømes norske kyrkjelydsleiarar kan fortelje om den enkelte asylsøkjar.
Det vart og hevda at Iran har agentar i Noreg som sjekkar kva eksil-iranarar foretar seg her i landet, og det vart vist til døme på at iranarar som er blitt sende tilbake frå Noreg, er blitt utsette for tortur. KPK
Relaterte saker:
Mange afghanere og iranere blir kristne i Norge - 05.02.09
|