'misjon [dott] info'
'misjon [dott] info'

hovedsideinfo.torg >  

legg inn info
finn misjonsbøker
nyhetsmail
bli medlem
om misjon.info










info.torg
Utskriftsversjonutskriftsversjon
Tips-en-venntips-en-venn
Ei uventa helsning

AV: FRANK R. DALE

29.06.06 - Tibetmisjonen
Gå til:perspektiv
Kategori: perspektiv



Som nybakt student i Trondheim passerte eg ei gruppe ungdomar som held friluftsmøte på torget i byen.

 

Eg var nett komen ut fra militæret. Hadde reist inn med kall og forventning om å vinna mange for Guds rike. Kallet hadde eg fått i skulelaget og i eit evangeliserande Jesus- sentrert ungdomsmiljø på Frekhaug. Eg var oppglødd av det eg hadde sett og opplevd, nett som Peter og dei andre 70 som kom attende til Jesus etter den første utsendinga.(Luk.10).

 

”Luftforsvaret skulle

sanneleg få merka at eg hadde vore saman med Jesus”.

 

Slik hadde eg tenkt, men slik gjekk det ikkje. No, 15 månader seinare var all ”andeleg sjølvrespekt” borte. Det hadde vorte for tøft å stå aleine, ..hadde ikkje makta løfta sigersmerket.

 

Frå no var eg ferdig med ”kristelege” samanhengar, tenkte eg. Mesteren skulle vera spart for slike feigingar som eg.

Trua mi var der, men kjensla av svik var større. Frå no skulle trua vera privat.

 

Men der under Olav-statuen på torget i Trondheim stemte ungdomane i:

 

Det enda som bär, när allting annat vacklar,det är Guds nåd och Guds barmhärtighet.

All jordisk berömmelse og glans den slocknar

när sist jag står hos Gud i härlighet.

 

Det enda jag vet, det är att nåden räcker,

att Kristi blod min synd, min skuld betäcker.

Det enda jag har att lita till en gång,

det är Guds nåd, Guds gränslösa nåd.

 

 

Ei totalt uventa helsing frå Meistaren sjølv. Eg venta fordøming, men her kom Han til meg med åpne armar og tilgjeving, ingen krav,  …berre kjærleik og inkludering.

 

Ei sterk oppleving som endra liv og kurs.

 

Dette skriv eg til deg som er sliten og oppgitt, …. over alle utfordringane rundt deg, …over arbeidet du står i, som i stor grad kviler på deg.

Du kjenner naud for slekt og naboar og naud for folkeslaga langt borte. Men du strekk ikke til. Du opplever at du ofte svikta både eigne og andre sine forventningar. Kan hende har du mest lyst å gi opp.

 

Eg har ei helsing til deg i dag. Den står i Jeremia 31.3-5:

 

”Med evig kjærleik har eg elska deg, difor let eg mi miskunn mot deg vara ved.

Endå ein gong skal eg byggja deg,….

Endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade…

Endå ein gong skal du planta vinhagar …..og sjølv nyta frukta.

 

Og vi kan legga til: ”Berre på grunn av hans nåde!”

 



<< tilbake
Tips-en-venntips-en-venn   Utskriftsversjonutskriftsversjon  Til toppentil toppen
søk og finn..
..avansert søk
medlem login..
..bli medlem

Siste innlegg..

Historisk samarbeid
18.11.08
Kat.: bistand, misjonærliv, nyheter
- Irans politikk leder folk til Jesus
17.11.08
Kat.: perspektiv
"GO Equipped" TENTmaking Course 2009
17.11.08
Kat.: arrangement, misjonærliv
Vil fremme fred med religion
17.11.08
Kat.: nyheter, perspektiv
Kina bryter flyktningeavtale
17.11.08
Kat.: nyheter, perspektiv
Kristne må ta ansvar
12.11.08
Kat.: perspektiv
Flykter fra ondskapen i Nord-Korea
07.11.08
Kat.: perspektiv, bistand
Mangler misjonærer til evangelisering
07.11.08
Kat.: perspektiv
Baptister feirer 400-årsjubileum
07.11.08
Kat.: nyheter
Verdig vinner av Rafto prisen
03.11.08
Kat.: nyheter, bistand

 
en tjeneste av
Ressurssenter for misjon


i samarbeid med NORME
 
misjon.info har hatt
besøk siden 1. januar 2006
(basert på IP-adresser)

powered by Typo3!